Vil du låne ein bil av Fitjar Kraftlag?

Fitjar Kraftlag har i 2025 kjøpt inn to stk. 9-setersbilar som kan lånast av frivillige lag og organisasjonar i Fitjar Kommune.

Dette er eit tilbod for å støtte det viktige arbeidet som blir gjort i frivilligheita – enten det gjeld transport til trening, kampar, cupar, kulturarrangement eller andre aktivitetar.

Viktig informasjon om booking av bil

Kalenderen for booking av bil er no open for bestillingar fram til og med 30. juni 2026.

Etter hovudtildeling vil kalenderen være open fram til sommaren.

Informasjon

Kven kan låne?

Tilbodet gjeld for registrerte lag og organisasjonar, som til dømes idrettslag, korps, ungdomsklubbar, pensjonistforening, m.m.

Kva kostar det?

Lån av bilane er gratis, men me forventar at dei som lånar bilen leverar den tilbake i same stand som då han vart henta.

Korleis reserverar me?

Reservering skjer via booking i kalender eller via e-post: post@fitjar-kraftlag.no.
Alle bestillingar vert behandla kvardagar, mandag til fredag frå 08.00 - 15.00.
Det er lurt å vere ute i god tid.
Me har to hovudtildelingar av bilane i året, ein på hausten og ein på våren.
Bookinga er i første omgong open for alle fram til og med 30.06.2026.

Samarbeid med Fitjar frivilligsentral

Fitjar Kraftlag vil samarbeide med Fitjar Frivilligsentral.
Fitjar Kraftlag eig bilane og vil organisere sjølve utlån av bilane, medan Fitjar Frivilligsentral vil hjelpe til med dagleg tilsyn og oppfølging.

Tilbakemeldingar

Me i Fitjar Kraftlag ynskjer tilbakemeldingar frå dåke brukara (både ris og ros) vedr opplegget me har laga rundt utlån av bilane.

Send oss gjerne ein e-post på: post@fitjar-kraftlag.no

Praktisk info:

  • Bilane har plass til 9 personar (inkludert førar).

  • Førarkrav: Minst 25 år og førarkort klasse B med minst 5 års erfaring.

  • Henting og levering skjer ved Fitjar Kulturhus. Bilane har skilta parkeringsplass.

  • Bilane har kvar sin elbilladar på parkeringsplassen sin ved Fitjar Kulturhus.
    Ladebrikke til bilen heng på nøklane. Bilane skal alltid setjast på lading etter bruk. Ladekabel skal alltid fylgje bilen.

  • Bilen skal ha minimum 30% batteri ved levering på dagtid.

  • Nøkkelboks finn ein rett under bilen sin elbilladar. Kode til nøkkelboks vert sendt til førar på sms same veke som bilen skal brukast.

  • Bilane skal brukast til organisert aktivitet – ikkje til private turar.

  • Førar må gjere seg kjend med og godta våre avtalevilkår for lån av bil og personvernerklæring, før me kan sende kode til nøkkelboks.

Ofte stilte spørsmål om lån av bil