Enlink
Fitjar Kraftlag har inngått samarbeid med Enlink
Fitjar Kraftlag har inngått samarbeid med Enlink for å kunna tilby smarte og framtidsretta energiløysingar til bedriftskundane våre.
Gjennom samarbeidet får verksemder moglegheit til å utnytta fleksibiliteten i eige energiforbruk på ein smartere måte.
Målet er å redusera energikostnader, avlasta straumnettet og bidra til ei meir berekraftig energiutnytting.
Kva betyr dette for bedrifta di?
Mange bedrifter sit på ein fleksibilitet i energiforbruket som kan nyttast betre. Med teknologi frå Enlink kan energibruken overvåkast og optimaliserast, slik at forbruk vert flytta til tidspunkt der belastninga på straumnettet er lågare og kostnadene kan reduserast.
Dette kan bidra til:
Lågare energikostnader
Betre kontroll over energiforbruket
Redusert belastning på straumnettet
Nye moglegheiter knytt til fleksibilitetsmarknaden
Bidrag til det grøne skiftet
Lokal teknologi med store moglegheiter
Enlink er eit teknologiselskap med base på Stord som har utvikla løysingar for intelligent styring av energi og fleksibilitet.
Gjennom avansert analyse og styring kan bedrifter få meir verdi ut av energisystema sine utan store investeringar eller kompliserte tekniske løysingar.
Klar for framtidas energisystem
Behovet for straum aukar, samtidig som kapasiteten i straumnettet mange stader er under press.
Smarte energiløysingar og fleksibilitet vert stadig viktigare for både bedrifter og nettselskap.
Gjennom samarbeidet med Enlink ynskjer Fitjar Kraftlag å hjelpa næringslivet med å møta desse utfordringane på ein enkel og lønnsam måte.
Vil du vete meir?
Er du bedriftskunde og nysgjerrig på korleis verksemda di kan få betre kontroll over energibruken og redusere kostnadene?
Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.