Kjøpsutbytte Fitjar Kraftlag 

Fitjar Kraftlag SA er eit samvirkelag og ein av fordelane med å vera medlem er at ein vil motta kjøpsutbytte basert på den handelen ein har med laget (dvs. at den som kjøper mest får mest kjøpsutbytte). Me sel breiband (Altibox) og kraft.

Dette er på same måte som ein får kjøpsutbyte frå til dømes COOP og Gjensidige.

Kjøpsutbytte vil bli delt ut av ein andel av overskotet i selskapet kvart år.

I 2020 vart det betalt ut kjøpsutbytte frå all handel i 2019, og det vart delt ut heile 5 millionar fordelt på våre medlemar.
I 2021 vart det betalt ut kjøpsutbytte frå all handel i 2020, og det vart delt ut heile 4,4 millionar fordelt på våre medlemar.
I 2022 vart det utbetalt kjøpsutbytte frå all handel i 2021, og det vart delt ut heile 5 millionar fordelt på våre medlemar.
I 2023 vart det utbetalt kjøpsutbytte frå all handel i 2022, og det vart delt ut heile 6 millionar fordelt på våre medlemar.