Kva er forskjellen på fiber, 5G og satelitt?

Fiber, 5G og satelitt er tre ulike måtar å få internett på

Fiber overfører datasignalar i lysets hastigheit. Kablane har ein levetid på opptil 60 år og er derfor ein langsiktig investering.
Fiber går gjennom ein kabel heilt fram til bustaden din og gir den mest stabile og raske forbindelsen, med låg forsinkelse.

5G er trådlaust breiband, levert via mobilnettet.
Teknologien kalles 5G, mens løysninga ofte omtalast som trådlaust breiband eller fast trådlaust breiband. Den kan gje høg fart utan kabel, men farten varierar etter dekning, vær, hindringar og belastning.

Satelitt, som Starlink, sender internett mellom bustaden og satelittar i verdsrommet. Dette er ei god løysning der fiber ikkje er tilgjengeleg, men vanlegvis litt mindre stabilt og har høgare forsinkelse enn fiber.

Fordelar med å handle lokalt hos Fitjar Kraftlag er:

  • Me har avtale gjennom Altibox, og dei jobbar heile tida for å levere dei beste produkta til ein god pris. 

  • Me leverar fiber, her har du ubegrensa med databruk

  • Du deler ikkje linja med andre, slik at hastigheten er god heile tida 

  • Montør på dagen om det skulle være noko feil 

  • Ingen eller liten ventetid på telefon 

  • Handlar lokalt 

  • Medlem (kjøpsutbytte, medeigar i Kraftlaget, kan være med å stemme på årsmøte) 

  • Støtte lag og organisasjoner 

  • Lærebedrift og lokale arbeidsplassar 

  • Me er opptatt av å gi tilbake til medlemmane våre og bygda, gjennom kjøpsutbytte, ålmennyttige føremål og sponsing, slik at Fitjarbuen skal ha ei god bygd å leva i. 

    Me er veldig glad for du handlar lokalt, og at me kan levera gode produkt til våre kundar i Fitjar.