Avtalevilkår

Gjeld ved kjøp av elbilladar

1. Generelt

Vilkåra gjeld for kjøp, levering og montering av elbil-ladar med tilhøyrande tenester (heretter kalla for «produktet») mellom Fitjar Kraftlag SA («seljar») og kjøpar av produktet («kunden»).

Sal av ladeutstyr til privatkunder er underlagt forbrukarlovgivinga. Ved bestilling gir kunden Fitjar Kraftlag SA fullmakt til å:

  • Henta inn nødvendige opplysningar frå nettselskapet, for å sjekka om det er kapasitet i straumnettet der kunden skal kobla til. Ladar vil bli justert til tillaten straumstyrke.

  • Dele nødvendige kundeopplysninger med våre underleverandører på montasje og ladeutstyr. Sjå også våre retningslinjer for personvern.

2. Bestilling og levering

Bestilling og avtale

Når kunde har gjennomført si bestilling og mottatt stadfesting, oppstår det ein juridisk bindande avtale. Slik bestilling kan skje via Fitjar Kraftlag SA si nettside, over telefon eller ved å akseptere eit skriftleg tilbod frå seljar.

Atterhald om kredittvurdering

Fitjar Kraftlag SA har rett til å foreta kredittvurdering av kundar og kan avslå/ kansellere leveranse i tilfelle der kunde ikkje er vurdert kredittverdig.

Levering

Produktet skal leverast på det tidspunktet og den stad som er skriftleg avtalt. Om ikkje anna er avtalt skal produktet leverast innan 30. dager etter kjøpstidspunktet. Levering er å rekna som skjedd når produktet er overtatt av kunde. Risikoen går over på kunde når produktet er levert. Dersom produktet går tapt, vert skada eller minsker i verdi som følgje av hendingar som ikkje skuldast seljar pliktar kunde å betale kjøpesummen fullt ut i samsvar med avtalt nedbetalingsplan.

Kunde er sjølv ansvarleg for å melda frå til eige forsikringsselskap om installasjon av produktet på sin eigedom.

Salspant

Eigedomsretten til produktet vert først overført når full betaling er mottatt av seljar.
Som trygging for kravet på kjøpesummen har seljar salspant i det leverte produktet inntil den heile og fulle kjøpesummen, med tillegg av renter og omkostningar er betalt, jf. Pantelova
§3-14 og alternativt også pantelova §3-22 (1).
Produktet kan ikkje avhendast, seljast vidare eller handpansetjast utan samtykke frå seljar.
Dersom det er gjort ein nedbetalingsavtale, fordeles salspant etter eitt år, rekna frå forfallstidspunkt for siste avdraget.

Atterhald om leveringsevne

Ein kvar bestilling og/ eller avtale mellom partane er inngått under føresetnad av at seljar har leveringsevne. Dette er ikkje nødvendigvis avklart på bestillings- eller avtaletidspunkt.
Kunde må vera merksam på at seljar nokre gonger dessverre må kansellera ei bestilling/ avtale grunna manglande leveringsevne (døme: dersom leverandør er utseld for produktet).

Avbestilling etter synfaring

Avbestiller kunde produktet etter synfaring og før montasje, kan seljar ikkje fasthalde kjøpet og krevja betaling. Seljar kan då krevja omkostningar refundert avgrensa opp mot kr 1200,-.

Avbestilling/ retur etter levering

Etter at produktet er levert, blir kunde ikkje fritatt for å betala kjøpesummen, sjølv om produktet vert levert tilbake til seljar. Betalingsplikta fell likevel bort:

a) ved heving
b) dersom vilkåra for angrerett etter angrerettslova er oppfyllt
c) dersom ein rett til tilbakelevering følger av avtale
Kunde har ikkje rett til å byta produktet.

Angrefrist

Dersom avtalen er inngått ved fjernsal eller utanfor fast utsalsstad, gjeld lov om angrerett av 20.juni 2014 nr.27. Kunde skal opplysast om angreretten og få angreskjema utlevert. Dersom installasjon av produktet vert gjennomført og/ eller kunde tar produktet i bruk før utløp av angrefristen, og seinare nyttar seg av angrerett må kunde betala for bruk kunde har gjort av produktet og tilhøyrande tenester, medgått materiell og utstyr, og i tillegg demonterings- og returkostnad for mottatt produkt/utstyr.

Angrefristskjema(Link til skjema vi må få tilgang til)

3. Pris og betalingsvilkår

Kjøpesum

Kjøpesum for produktet skal være skriftleg avtalt. Kunde skal få tilsendt ordrebekrefting frå Fitjar Kraftlag SA som stadfestar kjøpesum for standardleveranse. Eventuelt tilleggsarbeid som ikkje er inkludert i standard leveranse fra Fitjar Kraftlag SA, vert avtalt og fakturert direkte til kunde frå montasjeselskapet, Aarskog Elektro AS.

Standard installasjon inkluderer:

Faktura og betaling

Kjøpesum vert fakturert etter at leveransen er gjennomført. Kjøpesum vil bli fakturert i lag med straum. Betalingsfrist normalt 14. dagar etter fakturadato. Faktura vert sendt ut til kunde anten som epostfaktura, e-faktura eller anna elektronisk sendemåte. Dersom kunde vel ein anna fakturatype kan det tilkomme fakturagebyr, etter dei til ei kvar tid gjeldande satsar. Eventuelt tilleggsarbeid som ikkje er inkludert i standardleveranse frå Fitjar Kraftlag SA, vert fakturert direkte til kunde frå montasje selskapet, Aarskog Elektro AS.

Dersom kunde ikkje betalar faktura innan forfallsdato kan Fitjar Kraftlag SA eller Fitjar Kraftlag SA sin innfordringspartnar senda varsel om purring til kunden sitt registrerte mobilnummer eller epostadresse. Ved forseinka eller uteståande betaling kan Fitjar Kraftlag SA krevje rente av kjøpesummen, jf. lov om rente ved forseinka betaling og krevje gebyr ved utsending av purring.

Om ikkje anna er avtalt skal betaling for produktet skje ved nedbetaling av avtalt sum over 36 månadar. Nedbetalingsavtala er heilt rente- og kostnadsfri for kunde slik at finansavtalelovens kapittel 3 om kredittavtaler ikkje kjem i bruk.

Vilkår for nedbetalingsavtalens gyldigheit er at kunde er eller blir straumkunde hos Fitjar Kraftlag SA og at straumkundeforholdet vert oppretthaldt i heile nedbetalingsperioden.

Forpliktelsen til å vera straumkunde under slik nedbetalingsavtale vert avslutta og fell bort ved at kunde betalar resterande del av kjøpesum for produktet. Dersom kunde seier opp straumavtala med Fitjar Kraftlag SA, som er ein føresetnad for nedbetalingsavtalens gyldigheit, vert dette rekna som misleghald av nedbetalingsavtala, og den resterande del av kjøpesummen for produktet vert fakturert saman med sluttoppgjer.

Bindingstid

Avtalen er gjort under føresetnad av at kjøpar er eller blir straumkunde hos Fitjar Kraftlag SA i minimum 6. månadar etter at avtale vert inngått.

4. Force majeur

Dersom gjennomføring av partane sine plikter under avtaleforholdet, heilt eller delvis, vert hindra eller i vesentleg grad vanskeleggjort av forhold som ligger utanfor partane sin kontroll, suspenderast partane sine plikter i den utstrekking forholdet er relevant, for så lang tid som forholdet varer.
Slike forhold inkluderer, men er ikkje avgrensa til streik, loukout, uteståande eller forseinka leveransar frå seljar sine leverandørar og ein kvar anna hindring som ligg utanfor partane sitt herredøme og kontroll. Seljar kan vidare annullere og /eller sei opp avtalen eller avbryte installasjon/ levering utan ansvar ovanfor kunde dersom levering/installasjon ikkje kan gjennomførast som følge av forhold utanfor seljars kontoll som enten kompliserar installasjonsprosessen eller fører til vesentleg auka kostnader for seljar.

5. Tvist

Tvistar som partane ikkje lykkast i å løysa i minnelegheit, kan kvar av partane bringa inn for Forbrukarrådet, Forbrukartvistenemnda, Forliksrådet eller tingretten i samsvar med tvistelovas alminnelege vernetingsreglar.

Eventuelle klager kan rettast til:

Føretak: Fitjar Kraftlag SA
Adresse: Sandvikvågvegen 45, 5419 Fitjar Telefon: 53 45 76 00
E-post: post@fitjar-kraftlag.no