Avtalevilkår for Ford Transit 9 seter

Ved å låne Ford Transit 9-seter frå Fitjar Kraftlag, pliktar brukar/førar å følgje dei vilkåra som er nedfelt i dette dokumentet. Desse avtalevilkåra er utarbeidd for å sikre trygg, ansvarleg og rettferdig bruk av bilen.

Alle bestillingar vert behandla på kvardagar, måndag til fredag mellom kl. 08.00 og 15.00 (gjelder ikkje heilagdagar og offentlege fridagar).

Ved å låne bilen stadfestar du at du har lese og forstått avtalevilkåra, og forpliktar deg til å følgje desse.


  1. Førar og godkjenning

  • Førar må vere minst 25 år og ha gyldig førarkort klasse B.

  • Det er berre godkjent førar som har lov til å køyre bilen.

  • Førar er fullt ansvarleg for bilen og passasjerar i heile låneperioden.

  • Førarkort må sendast inn til Fitjar Kraftlag før bilen kan lånast ut.

    • Sjåfør må sende inn bilete av både forside og bakside av førarkortet. Dersom bilen ikkje blir brukt innan 6 månader, blir førerkort automatisk sletta. Dersom bilen blir brukt på nytt innan 6 månader, vert førarkort oppbevart i 6 nye månader før det blir sletta.

    • Sjåfør må godkjenne avtalevilkår for kvar gong ein låner bilen, det vert gjort pr. mail.

2. Bruk og åtferd

  • Bilen skal berre nyttast til vanleg persontransport og innanfor avtalte område.

  • All bruk skal vere i samsvar med gjeldande trafikkreglar.

  • Det er strengt forbode å køyre i påverka tilstand (alkohol, narkotika eller svekkande middel).

  • Det er ikkje lov å bruke bilen til terrengkøyring, konkurranse, transport mot betaling eller liknande formål.

  • Køyring utanfor Noreg eller utanfor avtalt område må på førehand godkjennast av Fitjar Kraftlag

3. Røyk, mat og dyr

  • Det er forbode å røyke i bilen.

  • Mat og drikke skal ikkje nytast i bilen.

  • Dyr er ikkje tillate i bilen.

  • Det er ikkje lov å bruke fotballsko eller liknande sko som kan skade interiøret i bilen.

4. Vedlikehald, lading og reinhald

  • Bilen skal leverast tilbake i same stand som då den blei utlevert.

  • Innvendig reinhald og rydding skal utførast før levering.

  • Bilen skal ha minimum 30 % batteri ved levering på dagtid.

  • Ladekabel skal alltid liggje i bilen når den ikkje er i bruk til lading.

  • Bilen skal låsast ved parkering, og det er ikkje tillate å forlate bilen med vindauga opne eller motoren i gang.

5. Tryggleik

  • Alle passasjerar skal bruke setebelte.

  • Bilen har plass til maksimalt 9 personar, inkludert førar.

  • Nøklane skal ikkje overlatast til andre enn godkjend førar.

6. Skade, feil og varsellamper

  • Ved skade, teknisk feil eller varsellamper skal bilen stoppast, og førar må kontakte Ford assistanse umiddelbart. Tlf: 800 56 105

  • Førar pliktar å dokumentere skadar (t.d. bilete) og samle nødvendig informasjon ved uhell.

  • Send mail til Fitjar Kraftlag om noko oppstår.

7. Ansvar og økonomi

Fitjar Kraftlag dekkjer:

  • Ferje kostnader og bompengar, ved autopass passeringar.

  • All lading føretatt på Fitjar Kultur og idrettsbygg

Førar evt. Lag/organisasjon er økonomisk ansvarleg for:

  • Parkeringsgebyr, eventuelle bøter eller andre sanksjonar som oppstår under bruk.

  • All lading som vært føretatt utanom Fitjar Kultur og idrettsbygg.

  • Eigenandel ved forsikringsskadar som følgje av uaktsam eller feil bruk.

  • Reinhaldskostnadar eller reparasjonar ved forsømt vedlikehald eller skade.

8. Retur og misbruk

  • Bilen skal leverast tilbake til avtalt tidspunkt og settast på lading.

  • Sein retur utan beskjed kan føre til at førar mister retten til vidare lån.

  • Brot på vilkåra eller misbruk av bilen kan medføre permanent utestenging frå ordninga.