Personvernerklæring –
Låne bil gjennom Fitjar Kraftlag SA
Fitjar Kraftlag SA behandlar personopplysningane dine i tråd med EUs personvernforordning (GDPR) og norsk personvernlovgiving.
1. Kva opplysningar samlar me inn?
Når du låner bil, samlar me inn følgjande opplysningar:
Namn på lag/organisasjon
Namn på kontaktperson og førar av bil
E-post
Mobilnummer til kontaktperson og førar av bil
Føremål med leige
Kjørerute
Førerkort til førar av bil
Annet
Bilen er utstyrt med GPS (sporing) gjennom app, berre ansvarlege for utlån av bil i Fitjar Kraftlag har tilgang til app.
2. Kva brukar me opplysningane til?
Me brukar opplysningane dine til:
Å administrere og dokumentere låneforholdet
Fakturering eller betaling (om aktuelt)
Eventuell oppfølging ved skade, bot eller forsikringssak
3. Kor lenge lagrar me opplysningane?
Personopplysningar knytt til låning av bilar vert sletta seinast 6.mnd etter låneperioden er over, med mindre lovverket krev lengre oppbevaring (til dømes rekneskap).
4. Kven har tilgang til opplysningane?
Berre ansvarlege for utlån av bil i Fitjar Kraftlag SA (org.nr: 971 028 548) og Fitjar Frivilligsentral (org.nr: 981 002 679) har tilgang til opplysningane. Me deler ikkje dataene dine med andre utan samtykke, med mindre det er kravd ved lov (til dømes ved politisak eller forsikringssak).
5. Rettane dine
Du har rett til:
Å få innsyn i kva opplysningar me har lagra om deg
Å få retta feilaktige opplysningar
Å be om sletting (med mindre me er lovpålagt å ta vare på dei)
Å klage til Datatilsynet om du meiner me bryt personvernreglane
6. Kontakt
Har du spørsmål om personvern eller ynskjer å bruke rettane dine, kontakt:
Fitjar Kraftlag SA
E-post: post@fitjar-kraftlag.no
Telefon: 534 57 600
Orgnr: 971 028 548