Kjøpsutbytte Fitjar Kraftlag 

Fitjar Kraftlag SA er eit samvirkelag, og som medlem får du del i overskotet gjennom kjøpsutbyte.
Kjøpsutbyte blir berekna ut frå kor mykje du handlar hos oss – jo meir du kjøper, desto høgare blir utbytet.
Vi leverer både breiband (Altibox), straum og elbilladar.

Ordninga fungerer på same måte som hos andre samvirke som til dømes Coop og Gjensidige, der overskotet vert delt tilbake til medlemmane.

Kjøpsutbyte vert utbetalt kvart år og blir finansiert av ein del av overskotet i selskapet.

Tidlegare utbetalingar

Nedanfor finn du ei oversikt over kjøpsutbyte som er delt ut dei siste åra:

  • 2020 – utbetalt for handel i 2019: 5 millionar kroner fordelt på våre medlemar

  • 2021 – utbetalt for handel i 2020: 4,4 millionar kroner fordelt på våre medlemar

  • 2022 – utbetalt for handel i 2021: 5 millionar kroner fordelt på våre medlemar

  • 2023 – utbetalt for handel i 2022: 6 millionar kroner fordelt på våre medlemar

  • 2024 – utbetalt for handel i 2023: 6,5 millionar kroner fordelt på våre medlemar

  • 2025 – utbetalt for handel i 2024: 6,7 millionar kroner fordelt på våre medlemar

Kjøpsutbyte er ein viktig del av medlemsfordelane våre, og me er stolte av å kunne gi betydelege beløp tilbake til lokalsamfunnet kvart år.

Her kan du melda deg inn