Plusskundar

Kva er ein plusskunde?

Ein plusskunde er ein straumkunde som også produserer straum sjølv, og selger overskotstraum tilbake til straumleverandøren sin. Solcellepaneler er ein typisk produksjonseining, men det kan også vere vasskraft, vindkraftanlegg, biogass eller liknande.

NVE definerer ein plusskunde som:
Sluttbruker med forbruk og produksjon bak tilknytningspunkt, hvor innmatet effekt i tilknytningspunktet ikke på noe tidspunkt overstiger 100 kW. En plusskunde kan ikke ha konsesjonspliktig anlegg bak eget tilknytningspunkt eller om setning bak tilknytningspunktet som krever omsetningskonsesjon.

Våre plusskundar kan velja å oppretta Solbank

Korleis bli plusskunde?

Kontakt med ein elektroninstallatør og/eller ein leverandør av produksjonsutstyr til dømes ein leverandør av solcelleanlegg.

Installatøren sender ein melding til nettselskapet om installasjonsarbeid med nødvendig informasjon om anlegget.

Ta kontakt med oss for å opprette plusskundeavtale – kraft@fitjar-kraftlag.no

Me kjøper din overskuddstraum

Me i Fitjar Kraftlag betalar for straumen du matar inn i nettet time for time. Ta kontakt med oss vedr. gjeldande prisar.

Plusskundeordninga gjer at du ikkje betalar fastledd på nettleiga for sjølve innmatinga.

Stønadsordningar

Det finnes høve for tilskot frå Enova. Meir informasjon om dette finn du på Enova sine heimesider, https://www.enova.no

Har du andre spørsmål om plusskundeordninga, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss!