Måleverdiar

Kva er måleverdiar?

Måleverdier er tala som viser kor mykje straum du har brukt, produsert eller levert tilbake til nettet. Den digitale straummålaren din (AMS-målar) registrerer dette heilt automatisk, time for time. Desse verdiane blir deretter sendt inn til Elhub, som samlar, kontrollerer og lagrar data frå heile landet.

Kvifor treng vi måleverdier?

  • Grunnlag for fakturaen din: Straumrekninga blir berekna ut frå dei registrerte måleverdiane, slik at du berre betalar for det du faktisk brukar.

  • Tryggleik og kvalitet: Elhub kontrollerer verdiane og varslar dersom noko ser feil ut. På den måten blir kvaliteten sikra før straumselskapet får tala.

  • Enklare marknad: Alle straumselskap får tilgang til dei same, standardiserte måleverdiane frå Elhub. Det betyr at du kan byte leverandør utan å måtte sende inn eller dokumentere forbruk sjølv.

  • Oversikt og kontroll: Du kan sjølv sjå og følgje med på forbruket ditt, til dømes via straumselskapet sitt kundesenter eller Elhub sine tenester. Det gjer det lettare å forstå eigen straumbruke og eventuelt spare pengar.

  • Berekraftig straumbruk: Når måleverdiane kjem inn time for time, får kraftbransjen betre oversikt over korleis straumen faktisk blir brukt.
    Dette gjer det enklare å planleggje produksjon, balansere straumflyten og utnytte ressursane best mogleg – noko som er bra både for miljøet og for forsyningstryggleiken.

Fun facts:

  • Over 90 millionar måleverdier blir samla inn kvar dag i Norge.

  • Data kjem frå rundt 130 nettselskap, og blir gjort tilgjengelege for om lag 190 straumselskap og tenesteytarar.

  • Til saman gir dette oversikt over forbruket til 3,2 millionar straumkundar, kvar dag - time for time.