Norgespris

Kva er Norgespris?

Norgespris er ein statleg støtteordning som gjer deg som privatkunde meir føreseielege og stabile straumprisar.

Straumavtalen din vert ikkje endra og du vil framleis behalde straumleverandøren din.

Med Norgespris betalar du ein fast spotpris på 50 øre/kWh (inkl. mva) uansett kvar du bur i landet.

  • Fast spotpris: 50 øre/kWh (inkl. mva)

  • Bindingstid: fram til 31. desember 2026

  • Påslag, månadsgebyr og nettleige på straumfakturaen din kjem i tillegg slik som før.

  • Dersom du har straum og nettleige på same faktura, vil du fortsatt få det slik som det er i dag.

Kva skil Norgespris frå dagens straumstøtteordning?

Dagens straumstøtte:
Fylgjer svingingane i spotprisen.
Staten dekker då 90 % av spotprisen som er over 93,75 øre/kWh (inkl. mva). (Gjeld forbruk opp til 5000 kWh for hushaldningar - forbruk utover dette vil det ikkje være straumstøtte på).
Fordelen er at du då kan benytte deg av timar med låge spotprisar.

Dagens straumstøtteordning gjeld ikkje for fritidsbustadar.

Norgespris:
Gjev deg ein fast spotpris på 50 øre/kWh (inkl. mva). (Gjeld forbruk opp til 5000 kWh for hushaldningar og 1000 kWh for fritidsbustader. Dersom du brukar meir straum enn dette, så gjeld ikkje den faste prisen lenger på det overskytande.
Då betaler du den vanlege marknadsprisen (spotprisen) for alt som går over grensa. ).
Du veit alltid kva du betaler, og unngår overraskingar – men du mister moglegheita til å spare ved låge spotprisar.

Kor bestiller eg Norgespris?

Digitale kundar kan logge inn i bestillingsportalen til Elhub.no med BankID.
Der kan du sjå korleis Norgespris ville påverka straumrekninga tidlegare år. Dette kan vere til hjelp når du skal vurdere om du skal bestille Norgespris eller ikkje.

Portalen vil òg vise ei samanlikning av kva Norgespris ville kosta, basert på tidlegare prisar og forbruk.

Ikkje-digitale kundar må kontakte sitt lokale nettselskap.
I Fitjar Kraftlag sitt område er det nettselskapet Fagne AS dei kan kontakte for bestilling av Norgespris.

Kven kan bestille Norgespris?

Hushaldningar:
Alle som bur i privatbustad.
Gjeld forbruk opp til 5.000 kWh/mnd.
Dersom du ikkje bestiller Norgespris, vert du automatisk verande i dagens straumstøtteordning.

Fritidsbustader:
Hytteeigarar kan òg velje Norgespris.
Gjeld forbruk opp til 1.000 kWh/mnd.
Fritidsbustader har ikkje støtteordning i dag.

Kva betaler eg?

Norgespris erstattar ikkje straumavtalen din, men sikrar fast spotpris på 50 øre/kWh (inkl. mva).

  • Er spotprisen lågare enn 50 øre/kWh → du betaler framleis 50 øre/kWh.

  • Er spotprisen høgare enn 50 øre/kWh → du betaler framleis 50 øre/kWh.

Påslag, månadsgebyr og nettleige i straumfakturaen din kjem i tillegg slik som før.

Bør du velje Norgespris?

Om det lønar seg med Norgespris, kjem an på kor i landet du bur og korleis straumprisane vil utvikle seg neste år.
Nedanfor finn du ein samanlikning med faktiske spotpriser i 1. halvår 2025, og med marknadens forventningar til prisar for 2026.
Kjelde: Fornybar Norge

Når gjeld ordninga?

  • Ordninga gjeld frå 1. oktober 2025.

  • Avtala vert gjeldande frå den datoen du bestiller.

  • Du har 14 dagars avbestillingsfrist frå du bestiller.

  • Når avbestillingsfristen har gått ut er straummålaren din bundet til Norgespris ut avtaleperioden, det vil seie fram til 31. desember 2026.  

Spørsmål og svar om Norgespris