Korleis vil Norgespris sjå ut på straumrekninga?

Om kort tid vil den første straumfakturaen med Norgespris bli sendt ut til alle kundar som aktivt har valgt Norgespris.
Som straumkunde hos oss, får du både straum og nettleige på ei samla faktura dersom ditt målepunkt ligg under Fagne AS sitt nettområde.
Fitjar Kraftlag er straumleverandøren din, medan Fagne AS eig straumnettet og står for nettleiga.

Med Norgespris betaler du totalt 50 øre per kWh (inkl. mva.), uavhengig av marknadsprisen. Alt blir fakturert samla på éi faktura.

Døme:
Er marknadsprisen 80 øre, får du 30 øre tilbake på nettleiga. Er prisen 40 øre, legg Fagne til 10 øre. Resultatet blir det same – 50 øre totalt.

På fakturaen vil Norgespris stå som ei eiga linje under nettleige. Der ser du skilnaden mellom gjennomsnittleg spotpris og Norgespris – eit tillegg dersom prisen har vore lågare, og eit fråtrekk dersom han har vore høgare.

Neste
Neste

FOR EIN DAG!