Innkalling til ekstraordinært digitalt årsmøte i Fitjar Kraftlag SA -val av revisor

Me har blitt informert av vår revisor, Willy Hauge i KPMG, om at Stord-kontoret skal skiljast ut og bli ein del av det nye revisjonsselskapet Cedra Norge.
For at Willy Hauge skal kunne fortsette som vår revisor må me formelt velge det nye selskapet som vår revisor. 

Merk at endringa ikkje innebærer nokon praktiske endringar utover det.

Styret i Fitjar Kraftlag SA vil derfor gjennomføre revisorvalg som foreslått på digitalt årsmøte tirsdag 25. november kl. 13.00.

Påmelding innan mandag 24. november til post@fitjar-kraftlag.no  

Alle som melder seg på vil få ei teamsinnkalling sendt på mail tirsdag 25. november i god tid før møtet startar.

Sakliste: 
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste 
Sak 2. Val av møteleiar 
Sak 3. Val av to personar til å underskrive møteprotokollen 
Sak 4. Val av revisor

Ta gjerne kontakt med dagleg leiar Therese Nysæther ( therese@fitjar-kraftlag.no ) dersom du har spørsmål.

Neste
Neste

Korleis vil Norgespris sjå ut på straumrekninga?