Kraft
Mitt kundeforhold:
-
For å sjå kundeopplysningane dine kan du logge deg inn på Min Side. Du loggar inn med mobilnummeret ditt og mottar eit eingongspassord.
Du kan også opprette ein brukar for innlogging via e-post. -
Ved å gå innpå Min side, kan du trykke på “Gløymt passord”.
Då vil du motta eingongspassord slik at du kna lage deg eit nytt passord.
Du kan og ta kontakt med oss på kraft@fitjar-kraftlag.no eller telefon 53 45 76 00 så hjelper me deg. -
Du kan enkelt endre kontaktinformasjonen din på Min Side eller kontakte oss på kraft@fitjar-kraftlag.no eller på tlf: 534 57 600, så endrar me det for deg.
-
Viss du ynskjer at ein anna person skal ha moglegheit til å kontakte kundesenter på dine vegne, eller du skal hjelpe eit familiemedlem med straumbestilling eller andre ting på kundeforholdet, treng me ein fullmakt.
Denne fullmakten vil me lagre på ditt kundeforhold, slik at den du har gitt fullmakt til, alltid får hjelp når dei kontakter oss.
Me har eit eget fullmaktskjema du kan fylle ut og sende til oss på epost eller via posten:
Epostadresse: post@fitjar-kraftlag.no
Postadresse: Sandvikvågvegen 45, 5419 FITJAR
Bestille kraft
-
Me tilbyr spotprisavtalerog viss du er plusskunde kjøper din overskotsproduksjon.
Her finn du våre kraftavtalar: Kraftavtalar -
Trykk på kraftavtala du ynskjer for å koma til bestillingsløypa.
Der legg du inn til tlfnr og identifiserer deg med BankID.
Vidare legg du til kontaktinfoen din og målarnummer til adressa du vil ha levert straum til.
Ved spørsmål er det bare å kontakte oss på tlf 534 57 600. -
Etter at du har bestilt, tek det vanlegvis om lag 14 dagar før du blir straumkunde hos oss, dersom du ikkje har valt ein tidlegare oppstartsdato. Har du valt tidlegare oppstart, vil det normalt ta 2 dagar før straumavtalen blir aktiv.
Gjeld bestillinga ei ny adresse, vel du sjølv datoen avtalen skal gjelde frå, til dømes dagens dato. Dersom du vel dagens dato, startar avtalen frå same dag.
I stadfestinga du får på e-post etter bestillinga, finn du datoen du har valt.Kort tid etter at bestillinga er registrert og behandla, får du tildelt eit kundenummer. Då kan du logge inn på Min side og fylgje bestillinga di. Der finn du òg oppstartsdatoen. Så snart kraftleveransen er i gang, får du tilgang til alle tenestene på Min side.
-
Dersom du ikkje har BankID eller ikkje har moglegheit å bestilla kraft på nett, er du velkomen til å ta kontakt med kundesenteret vårt.
Du kan ringe oss på tlf 534 57 600 eller kome innom kontoret vårt på Årskog i opningstida. -
Når du bestiller kraft hos oss, treng me opplysningar om straummålaren din. I dei fleste tilfelle held det at du oppgir målarnummeret.
Målarnummer er serienummeret på straummålaren din. Ved å kombinere målarnummeret med adressa di, kan vi sørgje for at straumen blir levert til rett bustad. Du finn målarnummeret på straummålaren, vanlegvis ved ein strekkode eller QR-kode.
Målepunkt-ID er eit unikt identifikasjonsnummer for straummålaren din og består av 18 siffer. Nummeret startar alltid med 7070575000, men du finn det ikkje på sjølve straummålaren. Målepunkt-ID står på straumfakturaen din, og du kan òg finne han ved å logge deg inn på Min side.
Er du allereie straumkunde hos oss, finn du både målarnummer og målepunkt-ID på fakturaen frå oss og i appen vår under “Min profil” - “Mine avtalar”.
-
Alle kundar har angrerett på 14 dagar når dei bestiller kraft og du kan enten benytte deg av angrerett skjemaet du fekk tilsendt ved bestilling av kraft, finne skjema her Avtalevilkår og angreskjema eller kontakte kundesenteret vårt på tlf 534 57 600.
Flytting
-
Dersom du nyleg har flytta, og ønskjer kraft frå oss frå innflyttingsdato, brukar du bestillingskjema for flytting. Dette forutset av at du ikkje har bestilt kraft hos ein annan kraftleverandør før oss, og at du bestiller innan 30 dager etter innflytting. Har du bestilt kraft frå ein annan leverandør og ønskjer å bytte til oss, brukar du skjema for leverandørbytte.
-
Gje oss gjerne beskjed om flytting så snart du veit flyttedatoen. Me tilrår at du melder frå seinast to dagar før du flyttar.
Dersom du allereie har flytta, er det viktig at den som har overteke bustaden, bestiller ein straumavtale frå innflyttingsdatoen. Fram til det skjer, vil straummålaren framleis vere registrert på deg, og du er ansvarleg for straumforbruket.
Har du gløymt å melde flytting?
Ta kontakt med oss så snart som mogleg. Me kan dessverre ikkje registrere flyttinga med tilbakeverkande kraft, og du vil derfor vere ansvarleg for straumforbruket fram til me har motteke flyttemeldinga.Ved å melde flytting i god tid sikrar du at straumavtalen blir avslutta på rett dato, og unngår å betale for straum etter at du har flytta.
-
Når du skal flytte, bestiller du straum til den nye adressa di på vanleg måte. Vel den straumavtalen du ynskjer, og fullfør bestillinga. Då tek me automatisk med oss kundeforholdet ditt til den nye adressa.
Hugs at dersom du ikkje bestiller straum til den nye bustaden, vil du ikkje ha ei aktiv straumavtale når du flyttar inn. Då vil du få straum på leveringsplikt frå nettselskapet. Leveringsplikt er ei mellombels løysing som sikrar at du har straum fram til du har teikna ein ordinær straumavtale.
Ikkje gløym å melde frå om utflytting frå adressa du flyttar frå, slik at straumavtalen blir avslutta der.
Om straum og forbruk
-
Du finn forbruket ditt ved å logge deg inn på Min side eller i Fitjar Kraftlag appen.
Du finn og forbruket ditt på straumfakturaen du mottar frå oss. -
Bytt til sparedusj.
Bytt til sparepærer og slå av lyset i rom du ikkje brukar.
Reduser bruk av tørketrommel og tørkeskap.
Fyll oppvask- og vaskemaskinar heilt opp.
Velg energieffektive elektriske apparat (merka med A).
Luft kort og effektivt i staden for å la vindauga stå på gløtt.
Montér termostat for styring av romoppvarming og tidsur for nattsenking av temperaturen.
Hald innetemperaturen på 19-22 grader. For kvar grad du senker temperaturen, sparer du ca. 5 prosent av kostnadane til oppvarming.
Bruk lavenergipærer ute, i kalde rom og på vanskeleg tilgjengelige stader.
Fyr med ved!
Skru TV'en og andre elektriske apparat heilt av når dei ikkje er i bruk.
-
Når straumen forsvinner, er det som regel ein feil i straumnettet.
Straumnettet driftes av din lokale netteigar, og det er dei som kan rette feilen og få straumen tilbake igjen.
Ta kontakt med din lokale netteigar. -
Nettleige er prisen du betaler for å vera tilknytta straumnettet.
Denne prisen er uavhengig av det du betaler til kraftleverandøren din. Alle forbrukarar må betale nettleige til sitt nettselskap. Nettleiga skal mellom anna dekke drift og investeringar i nettet. Nettutvidingar, oppgraderingar og auka avgifter frå myndighetene vil gi auka nettleige.
-
All kraft Fitjar Kraftlag leverer blir kjøpt inn på Nord Pool. Nord Pool er den nordiske kraftbørsen.
Straumprisen fastsettes dagen i forvegen og endrast time for time i løpet av dagen. Morgondagens pris fastsettes kl 13.00 kvar dag.
Prisen endres frå dag til dag, og påvirkes blant anna av kor mykje straum som forbrukes. Derfor får me ofte høgare straumpriser i perioder der folk bruker mykje straum, for eksempel når temperaturene er lave.
Norge er delt inn i fem ulike geografiske prisområder. Dette er fordi produksjonen og tilgangen på straum kan variere mellom landsdelane. Derfor vil du oppleva noko ulike straumpriser, avhengig av kor i landet du bur.
Kundar med målepunkt på Fitjar, Stord, Bømlo, Haugesund ligg under prisområde NO2 (Kristiansand).
Les meir om Nord Pool spotprisar time for time her.
-
Elhub er kraftbransjen sin felles «sentral» der alle data frå dei straummålarane landet rundt vert samla inn i eit felles system.
Med Elhub samlar ein alt på ein nøytral stad med eit felles datagrensesnitt, så alle marknadsaktørane kun treng å forholde seg til ein part. Dermed blir det lettare for kundar, nettselskap og kraftleverandørar å rapportere forbruk, i tillegg til å avdekke problem i straumnettet.
Her kan du logge deg inn for å endre tilgangsstyring og få oversikt over eigne målepunkt: elhub.no
-
KOMMUNALE GATELYS - FITJAR KOMMUNE
For å melde inn feil på kommunale gatelys i Fitjar kommune:
Send ein e-post til fitjar@fitjar.kommune.no eller ring sentralbordet på 53 45 85 00.
E-posten må inneholde:Adresse til gatelyset
Beskrivelse av kva som er galt og tidsrom for hendelsa
KOMMUNALE GATELYS - BØMLO KOMMUNE
Bømlo kommune har driftsansvar for veglys langs kommunal veg, ved offentlege bygg og andre kommunale anlegg.Bømlo Kraftnett AS vedlikeheld det offentlege veglysnettet i Bømlo kommune med unnatak av Brandasund og lysa langs dei nye vegstrekka i Bømlopakken.
I Kvernenes - Brandasundsområdet er det Haugaland Kraft som utfører det praktiske vedlikehaldet.Hvis du vil melda i frå om defekte gatelys kan du gjera dette her:
Send feilmelding om slokna gatelys Bømlo: https://nett.finnas-kraftlag.no/slokna-veglys/category1700.html
For slokna gatelys Kvernenes - Brandasund, meld frå til Haugaland Kraft her: https://hkraft.no/kundeservice/meld-inn-morke-gatelys/
Vilkår og betingelsar
-
-
Fitjar Kraftlag fakturerer alle sine kunder på etterskot.
-
OPPLYSNINGER OM ANGRERETT
Ved korrekt utfylt skjema anses opplysningen i angrerettloven § 8 første ledd bokstav h, i og j, jf. annet ledd gitt.
Angrerett
Du har rett til å gå fra denne avtalen innen 14 dagar utan å oppgi nokon grunn for dette.
Angrefristen utløper 14 dagar etter inngåelse av avtalen.
For å kunne bruka angreretten må du underrette oss på ein utvetydig måte om din bestilling, om å få gå fra avtalen
(f.eks. i et brev sendt med post, telefaks eller e-post).
Fitjar Kraftlag SA
Sandvikvågvegen 45, 5419 FITJAR
Tlf. 53 45 76 00,
E-post: kraft@fitjar-kraftlag.no
Du kan benytte det vedlagte angreskjemaet, men det er ikke obligatorisk.
For å overholde angrefristen er det tilstrekkelig at du sender meldingen om at du vil bruke
angreretten før angrefristens utløper.
Virkningene av at angreretten brukes
Dersom du går fra denne avtalen, skal vi tilbakebetale alle betalinger vi har mottatt fra deg, herunder
leveringskostnadene (med unntak av tilleggskostnader som følge av at du har valgt en annen type levering
enn den billigste typen standardlevering vi tilbyr), uten unødig opphold og i alle tilfeller senest 14 dager
etter den dag vi mottar melding om din beslutning om å gå fra denne avtalen.
Vi foretar tilbakebetalingen med det samme betalingsmiddel som du benyttet ved den
opprinnelige transaksjonen, med mindre du uttrykkelig har avtalt noe annet med oss.
I alle tilfeller vil du ikke bli pålagt noe gebyr som følge av tilbakebetalingen.
Dersom du har anmodet om at utførelsen av tjenestene (derunder levering av vann/gass/
elektrisitet/fjernvarme) skal påbegynnes før angrefristen utløper, skal du betale oss et beløp
som står i forhold til det som er utført eller levert fram til du underrettet oss om at du ønsket
å gå fra avtalen, sammenlignet med full oppfyllelse av avtalen.
-
Elsertifikat er ei støtteordning for kraft produsert frå fornybare energikilder. Kraftkundane finansierer ordninga over straumrekningen, gjennom at kraftleverandørane legg elsertifikatkostnaden inn i kraftprisen. Denne finansieringa vil vare fram til utgangen av år 2035.
Kva tyder dette for deg?
Kraftleverandøren er pålagt å kjøpe elsertifikat for ein del av forbruket ditt. Dei kostnadane kraftleverandøren har ved kjøp av elsertifikat skal inngå i den på førehand avtalte kraftprisen, og skal ikkje skiljast ut som ein eigen kostnad ved avtaleinngåelse eller på fakturaen din.
Elsertifikata inngår i den avtalte prisen
Årsaka til at kostnadane til elsertifikat skal inngå i den avtalte prisen, er at du som forbrukar på førehand skal vite kva pris du betaler for krafta di (også inkludert elsertifikat) og gjera det enklare for deg å samanlikne ulike kraftavtalar.
Prisen på elsertifikat vert avgjort av tilbod og etterspørsel, og elsertifikatkostnaden representerer difor ikkje ein fast kostnad for kraftleverandørane. Krava gir dermed kraftleverandørane insentiv til å kjøpe elsertifikat til lågast mogleg kostnad slik at dei kan konkurrere om å tilby lavast totalpris på straumen dei leverer.
Fant du ikkje det du lette etter?
Hvis du ikkje fant svaret på det du lurte på må du gjerne sende oss ein e-post til kraft@fitjar-kraftlag.no, eller ringe oss på 53 45 76 00.
Me svarar så fort me kan, og kan hjelpe deg med alle spørsmål knytta til kraft.