Faktura
Ofte stilte spørsmål:
-
For å sjå fakturaene loggar du inn på Min side med eingongspassord. Du kan og sjå fakturaene dine ved å logge deg inn i Fitjar Kraftlag appen og trykke på “Min profil” - “Faktura”.
-
Straumrekninga består som regel av tre delar: kostnaden for straumforbruket ditt, nettleige og offentlege avgifter.
Straumforbruk
Dette er det du betaler for straumen du faktisk bruker. Forbruket blir målt i kilowattimar (kWh), og prisen avheng av kva straumavtale du har.
Spotprisavtale: Straumprisen følgjer marknadsprisen og kan variere frå time til time. I tillegg kjem eit avtalt påslag per kWh, som går fram av straumrekninga.
Nettleige
Nettleiga betaler du til nettselskapet, som eig og driftar straumnettet og sørgjer for at straumen kjem fram til bustaden din.
Nettleiga består vanlegvis av:
Fastledd – eit fast beløp du betaler for å vere tilknytt straumnettet.
Energiledd – ein variabel kostnad som blir rekna ut frå straumforbruket ditt. Prisen kan variere etter tidspunkt på døgnet og kor mykje straum du bruker.
Inntektene frå nettleiga blir brukte til drift, vedlikehald og vidare utvikling av straumnettet.
Offentlege avgifter
Straumrekninga inneheld òg avgifter som blir fastsette av styresmaktene:
Elavgift – ei avgift per kWh som går til staten. Satsen kan variere mellom ulike delar av landet.
Meirverdiavgift (mva.) – dei fleste betaler 25 prosent meirverdiavgift på både straum og nettleige. Nokre område, som Nord-Troms og Finnmark, har eigne reglar.
Enova-avgift – ei lovpålagd avgift som finansierer Enova sitt arbeid med energiomstilling og energieffektivisering.
-
Hvis du er nettkunde hos Fagne AS, vil du få straum og nettleige på same faktura frå oss.
Det er alltid din lokale netteigar som fakturerer deg for nettleige. Du kan ikkje velgje netteigar, og for å vera tilknytta straumnettet må du betale nettleige til din lokale netteigar. -
Har du ein automatisk straummålar (AMS), skjer målaravlesinga automatisk. Målaren sender forbruksdata direkte til nettselskapet, og du treng ikkje gjere noko.
Har du ikkje ein AMS-målar, må du sjølv lese av straummålaren og melde inn målarstanden til nettselskapet. Dette kan du enkelt gjere på netteigar sin min side.
Nettselskapet sender som regel ei påminning på SMS når det er tid for målaravlesing. Då kan du og sende målarevlesninga der.
For å sikre at straumrekninga blir riktig, er det lurt å registrere målarstanden så snart du kan. -
Forbruket ditt blir stipulert dei månadane netteigaren din ikke mottar ei reell avlesing frå deg.
Etter du har sendt ein ny måleavlesning blir forbruket ditt retta opp på din neste straumfaktura. -
For å opprette eFaktura eller AvtaleGiro brukar du referansenummera som du finn på fakturaen din. Du må sjølv registrere dette i nettbanken din.
Om du opprettar eFaktura får du fakturaene sendt rett til nettbanken din, det einaste du treng å gjera er å godkjenne betalinga.
Med AvtaleGiro blir beløpet automatisk trekt på forfallsdato. Ved valg av AvtaleGiro, vil du motta faktura på giro dersom du ikke opprettar eFaktura (i tillegg til avtalegiro). Vi er pliktig å sende deg faktura.
-
Ta kontakt med vårt kundesenter på tlf 534 57 600 eller e-post til: kraft@fitjar-kraftlag.no, så skal me hjelpe deg.
-
Ingen problem å betale straumfakturaen frå ein bankkonto som ikkje er norsk.
Du treng fylgjande informasjon for å kunne leggje inn betalinga:
IBAN nummer: NO0565010670068
SWIFT: NDEANOKK
Det kan dessverre skje at fakturaen inneheld feil eller manglar. Om du oppdager noko slikt, kontakt oss på epost: kraft@fitjar-kraftlag.no eller telefon 53 45 76 00, så vil vi hjelpa deg.