Utdeling av ålmennyttige midler 2026
Tysdag 29. september rulla me ut den raude løparen på Fitjar Kulturhus og inviterte til årets utdeling av ålmennyttige midlar!
Nærare 180 personar møtte opp for å vere med då me delte ut heile 2 millionar kroner til 38 lag og foreiningar
I tillegg til sjølve utdelinga fekk me fleire kjekke lokale innslag, før me avslutta kvelde med pizza, kaker og kaffi og god drøs rundt borda
For oss i Fitjar Kraftlag er det utruleg kjekt å få bidra til alt det flotte arbeidet som blir lagt ned i lag og foreiningar. Det er her det blir skapt aktivitet, meistring, inkludering og gode opplevingar for små og store
Tusen takk til alle som kom og gjorde dette til ein skikkeleg festkveld og gratulera så mykje til alle som fekk tildelt midlar!
Vil du sjå kven som fekk tildelt midlar i år? Her finn du heile oversikta
Og visste du at de allereie no kan søkje om støtte til neste års utdeling?
Har laget eller foreininga di eit prosjekt eller tiltak de ynskjer støtte til, kan de sende inn søknad til oss her