Me heiar på dei som skapar inkludering, meistring og samhald!
Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut ålmennyttige midlar til lag og foreiningar som gjer ein positiv forskjell i lokalsamfunnet vårt.
Gjennom støtte til lokale initiativ ynskjer me å ta samfunnsansvar, styrkje frivilligheita og bidra til utvikling og trivsel i Fitjar kommune.
Har dåke eit prosjekt, arrangement eller tiltak som skapar aktivitet, fellesskap eller engasjement?
Då oppmodar me dykk til å søkje!
Søknadsfrist: 31. august 2026
Les meir og send inn søknad her: Søk støtte til ålmennyttige tiltak
Film: Kai Melkevik