Siste nytt om Norgespris

Regjeringa la fram det endelege lovforslaget om Norgespris fredag 23. mai. Ordninga skal etter planen starte 1. oktober 2025, viss Stortinget vedtar det.

Fast straumpris og forbruksgrense:

Norgespris gir ein fast pris på 50 øre/kWh inkl. mva for 2025 og 2026, som eit alternativ til timepris i marknaden.
For å bevare insentiv til straumsparing foreslår regjeringa fylgjande forbruksgrenser:

  • Primærbustad: opptil 4000 kWh/månad

  • Fritidsbustad: opptil 1000 kWh/månad

Det blir satt av 1,265 milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett for å finansiere ordninga frå 1. oktober 2025 og ut året. Regjeringa vurderer også å setje same maksgrense (4000 kWh) på dagens straumstøtteordning.
Både digitale og ikkje-digitale kundar kan inngå avtale om Norgespris.

Bindingstid og avtalevilkår:

  • 1. oktober 2025 til 31. desember 2026

  • Avtalen kan bestillast når som helst, men binding gjeld ut perioden

  • Bindinga knyttast til målepunktet, ikkje kunden

  • Du betalar eller får tilbake differansen mellom spotpris og Norgespris (negativt prissikringsbeløp dersom spotprisen er lågare enn 50 øre/kWh). Nettselskapet fakturerer støtte på lik linje med dagens straumstøtte.

  • 14 dagars angrerett blir foreslått (kan berre brukast ein gong per periode)

Sånn vil ordninga fungere:

  • Avtalen bestillast hos ditt lokale nettselskap

  • Du behald vanleg straumavtale med din straumleverandør

  • Dersom du har gjennomfakturering, får du alt samla på éi faktura


    Fitjar Kraftlag har gjennomfakturering med Fagne AS.

Forrige
Forrige

Fitjar Kraftlag 90 år - hald av dagen!

Neste
Neste

Innkalling til årsmøte 2025