Frå 5. januar 2027 kan du bestille Norgespris for 2027.
Hugs at du må bestille på nytt, sjølv om du har Norgespris i dag.
Regjeringa har foreslått å auke prisen til 56,25 øre/kWh inkl. mva. frå 1. januar 2027. Endeleg pris blir fastsett når statsbudsjettet er vedteke i desember.
Bestiller du innan 14. januar 2027, vil Norgespris gjelde frå 1. januar 2027.
Du bestiller enkelt på Elhub med elektronisk ID.
Dersom du ikkje ynskjer Norgespris, får du framleis vanleg straumstøtte automatisk.
Har du ikkje høve til å bestille digitalt, kan du kontakte nettselskapet ditt for hjelp.