Me søkjer telekommunikasjonsmontør og/eller lærling i telekommunikasjonsmontørfaget
Har du lyst å bli ein del av denne flotte gjengen?
Fitjar Kraftlag SA skal vera ein aktiv aktør i lokalsamfunnet.
Me skal gje nærområdet vårt, bedriftene og folk i Fitjar auka konkurransekraft og attraktivitet gjennom framtidsretta tenester og førsteklasses breiband.
No ser me etter engasjert og lærevillig telekommunikasjonsmontør/lærling som ynskjer å utvikle seg innanfor eit spanande og dynamisk fagfelt.
Om du ikkje har heilt rett utdanning – søk likevel!
Du vil få opplæring og moglegheit til å ta fagbrev i telekommunikasjonsmontørfaget.
Hos oss får du varierte og spanande oppgåver. Du får vera med å planlegga og forma din eigen arbeidsdag i lag med kjekke kollegaer.
Få meir info på heimesida vår: Ledig stilling
Me ser fram til å høyre frå deg!