Fitjar Kraftlag Innecup 2026

Helga 9.–10. januar gjekk årets Fitjar Kraftlag Innecup av stabelen, og for ei helg det blei!
Totalt 26 lag deltok, og nivået på kampane var gjennomgåande høgt.

Det var kjekt å sjå så mange engasjerte spelarar og supportarar i hallen gjennom heile helga.
Lag frå Fitjar, Stord, Bømlo, Haugesund, Osterøy og fleire andre stader var representerte.

Me vil retta ein stor takk til alle laga som deltok, til publikum som møtte opp og skapte god stemning, og til alle som bidrog til at cupen blei gjennomført på ein så god måte.

Under finn de nokre bilete frå helga som gir eit lite innblikk i stemninga og spelegleda under Fitjar Kraftlag Innecup 2026.

Neste
Neste

Me er me!