Solbank

Ynskjer du sjølv å bestemma når på året du vil ta ut overskotstraumen? 

Med vår Solbank går overskotstraumen automatisk inn på din solbank.
Dette er den straumen som du ikkje klarar å bruke opp sjølv frå ditt solcelleanlegg. 


Med Solbank frå Fitjar Kraftlag kan våre plusskundar:

  • Sjølv velje når du vil ha overskotstraumen din til fråtrekk på faktura

  • Enkelt gå inn på Min Side å velje kor mykje du vil ta ut frå din Solbank

  • Bruke den oppsparte overskotstraumen til å dekke beløpet for straum, ikkje nettleige og andre avgifter.

  • Oppsparingen skjer i kr, så det er prisen på produksjonstidspunktet som dannar grunnlaget for beløpet knytta til produksjon, og som blir banket i Solbanken. For kvar time produksjon, mulitipliseres dette med timeprisen på same tidspunkt.

  • Det er ingen grense for kor lenge du kan samle opp og/ eller kor mange uttak du kan gjere.

  • Det er ingen ekstra kostnadar med val av Solbank.

Ta kontakt med oss viss du ynskjer Solbank.