Støtte til ålmennyttige tiltak
Vi støttar gode tiltak i nærområdet vårt.
Kraftlaget støttar i fyrste rekkje tiltak retta mot barn og ungdom i vårt konsesjonsområde (Fitjar kommune, Dåfjorden og Brandasund), men støttar og andre gode tiltak for lokalsamfunnet på Fitjar.
På denne sida kan du søkje om støtte til ålmennyttige tiltak og sjå kven som har fått tildeling tidlegare.
Tidligare utdelingar
Klikk på eit årstal for å sjå meir.
Søknadsskjema
-
Ein søknad bør inneholde ein beskrivelse av kva midlane skal gå til, kor mykje ein søker om og ev. korleis ein vil gjennomføre det. Eit budsjett bør ligge ved søknaden.
-
Det er viktig for Kraftlaget å profilera seg i lokalsamfunnet og derfor ynskjer me at dei som får tildelt midlar gjev ei motyting for støtta i form av profilering av Kraftlaget.
Profilering kan gjennomførast på ulike måtar, saman finn me ei løysing. Ein måte er at de kan ha logoen til Kraftlaget på nettsida dykkar (dersom de har ei) som viser Kraftlaget som ein samarbeidspartnar. De kan profilera Kraftlaget med skilt, klistremerke eller plakatar der me gjer bidrag til tiltak som bygg, leikeplassar osv. eller gjennom marknadsføring som logo på utstyr, drakter, bilar, i annonse, reklame på stevner eller omtale som samarbeidspartnar i reportasjar, klubbavis, årsmeldingar osv.
Me vil sjølvsagt bidra med reklameartiklar, skilt, klistremerke, logo osv.
-
Det er ein føresetnad at ein stiller opp på utdelinga arrangert av Kraftlaget for å få tildelt midlar. De må og legge inn konkret plan for reklame/markedsføring i søknadsskjemaet (sjå eksempel ovenfor).
Søknadsfrist: 31.08.2025