Støtte til ålmennyttige tiltak

 

Velkommen!

Her kan du søkje om støtte til ålmennyttige føremål!
Kraftlaget støttar i fyrste rekkje tiltak retta mot barn og ungdom, samt tiltak i Kraftlaget sitt forsyningsområde som kan koma alle til nytte.

Profilering

Det er viktig for Kraftlaget å profilera seg i lokalsamfunnet og derfor ynskjer me at dei som får tildelt midlar gjev ei motyting for støtta i form av profilering av Kraftlaget.

Profilering kan gjennomførast på ulike måtar, saman finn me ei løysing. Ein måte er at de kan ha logoen til Kraftlaget på nettsida dykkar (dersom de har ei) som viser Kraftlaget som ein samarbeidspartnar. De kan profilera Kraftlaget med skilt, klistremerke eller plakatar der me gjer bidrag til tiltak som bygg, leikeplassar osv. eller gjennom marknadsføring som logo på utstyr, drakter, bilar, i annonse, reklame på stevner eller omtale som samarbeidspartnar i reportasjar, klubbavis, årsmeldingar osv.

Me vil sjølvsagt bidra med reklameartiklar, skilt, klistremerke, logo osv.

Føresetnader

Det er ein føresetnad at ein stiller opp på utdelinga arrangert av Kraftlaget for å få tildelt midlar og det vert stilt krav til dokumentasjon på bruk av midlane og profileringstiltak før pengane vert utbetalt.

Søknadsfrist: 31. mars 2018

 

Her søkjer du støtte:

Bekreftar herved at føresetnadane og gjennomføring av profilering for å motta støtte til ålmennyttige føremål er forstått og godkjent. *
 
 

utdeling_av_midlar.jpeg

Støtte til ålmennyttige føremål 2017

  • Bak frå venstre: Gisle Levåg (Fitjar IL), Onar Westerheim (Stord IL Skeisegruppa), Agnar Aarskog (styreleiar i Fitjar Kraftlag SA), Evy Skogedal (NFU Stord/Fitjar), Gerda Øen (Stord/Fitjar Turlag)
  • Rekke 2, frå venstre: Kitty Træet (Fitjar Musikklag), Nils Ingmar Hageberg (Fitjar Sokn), Ellinor Austad Bergesen (Fitjar Frivilligsentral), Annbjørg Elise Stjern Tvedt (Fitjar Diakoninemnd)
  • Rekke 3, frå venstre: Ida Marlen Havn (Øvrebygda 4H), Anna Bodil Hestenes Tislevoll (Fitjar Skyttarlag), Elisabeth Livastøl (Fitjar Skulekorps), Sukhwinder Koløen (Fitjar Shotokan Karateklubb)
  • Framme frå venstre: Liv Mari Koløen Lønning (Rimbareid Skule 2002-kullet), Ole Lønning (Fitjar Racingteam), Kjell Nesbø (Stord/Fitjar Demensforening), Monika Hatlevik (Kalveid Vel)