Om Fitjar Kraftlag SA

Namnet til samvirkelaget er Fitjar Kraftlag SA.

Vedtektene vart sist endra i 2018.

  • Agnar Aarskog er styreleiar.

  • Therese W. Nysæther er dagleg leiar.

Kraftlaget held til på Årskog i Fitjar, der det har kontor og kraftverk.

Føremålet til foretaket er å:
* Fremja interessene til innbyggjara og verksemder i konsesjonsområde              (slik dette var per 1. januar 2018, seinare i vedtektene omtalt som "konsesjonsområdet")
*Eiga aksjar i selskap som driv nettverksemd,
*Omsetja elektrisk energi,
*
Produsera energi eller delta som eigar i produksjonsanlegg eller -selskap,
*
Eiga, byggja og driva breibandsnett og andre elektroniske kommunikasjonsløysingar,
*
Eiga, driva, yta midlar til eller delta i anna verksemd med naturleg tilknyting til føremålet,
*Delta i tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområdet, og
Yta gåver til tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområdet.

Overskotet skal primært nyttast til vidareutvikling av Kraftlaget i samsvar med føremålet, ålmennyttige tiltak som kan koma medlemar, og lokalsamfunnet i konsesjonsområdet til gode dernest kjøpsutbyte.

Fitjar kraftlag vart stifta 10. april 1935 med føremål å byggja ut kraftverk og overføringsliner. I 1951 vart kraftlaget omdanna til eit parteigarlag. Då var 90 prosent av partane i privat eige, medan Fitjar kommune eigde 10 prosent. Frå 2008 vart parteigarlaget omdanna til samvirkelag grunna lovendring.
Fitjar Kraftlag eig produksjonsanlegg og fiberinfrastruktur i det tidligare konsesjonsområdet til Kraftlaget som var Fitjar kommune, med områder i Stord - og Bømlo kommune (Brandasund området). Kraftlaget har eigarpostar i Haugaland Kraft AS og Midtfjellet Vindkraft AS som vart skipa 24. juni 2015.
Utbygginga av vindkraftområdet starta september 2011 og det har vore meir eller mindre utbygging sidan då. Fase 3 var ferdigstilt hausten 2018.
 

Bli medlem, motta kjøpsutbytte!

Du kan også verta medlem i Fitjar kraftlag og motta kjøpsutbytte for all handel med laget (kjøpet ditt), dersom du er busette i, har eigedom i, eller registrert forretningsadresse innanfor konsesjonsområdet (slik dette var per 1. januar 2018). Ta kontakt med kraftlaget om du ynskjer medlemskap. Me ser det som viktig at medlemmane våre og representantane deira er lokalt forankra. Verdiane vert skapte lokalt og skal førast tilbake til kundane og lokalsamfunnet.