fornybar kraft

Fitjar Kraftlag satsar på fornybar kraft!

Me har eigen vasskraftproduksjon i 2 småkraftverk, Årskog kraftstasjon og Rimbareid kraftstasjon. Normalproduksjonen på desse er på over 5 GWh.
Kraftverka er registrert og mottar såkalla opprinnelsesgarantiar. Garantiane kan kjøpast, og er eit "øyremerke" på at kunden har kjøpt straumen frå eit spesifikt anlegg.

Fitjar Kraftlag har sidan 90-talet arbeidd med å realisera Midtfjellet Vindkraft AS, og eig i dag omlag 3,3 % i selskapet. Midtfjellet har i dag 55 vindmøller og produserer om lag 408 GWh i eit normalår.

Fitjar Kraftlag kjøper også inn produksjon frå fleire mindre småkraftverk og har hand om over 7 GWh rein fornybar vasskraft.

Gjennom eigarskap i Haugaland Kraft eig me indirekte i SKL (Sunnhordland Kraftlag), som vart stifta på 40-talet for og skaffa til vege straum til Sunnhordland.

Vil du vita meir om Midtfjellet Vindkraft AS, SKL AS og Haugaland Kraft AS, så kan du følgja linkane under. 

SKL