Me søkjer marknadsansvarleg

Fitjar Kraftlag SA skal vera ein aktiv aktør i lokalsamfunnet. Me skal gje nærområdet vårt, bedriftene og folk i Fitjar auka konkurransekraft og attraktivitet gjennom fremtidsretta tenester og førsteklasses breiband.

I dag sel Fitjar Kraftlag kraft, fibertenester og driftar to mindre kraftverk i Fitjar kommune. Me er godt rusta for framtida, men ønsker å bli endå betre.

No ser me etter ein person som vil vera med å utvikla marknadsarbeidet vårt.

Me ser etter deg som:

  • Er glad i folk og likar å jobbe med kundar

  • Har stor arbeidskapasitet

  • Er kreativ og raskt set seg inn i nye fagområder

  • Kommuniserar godt både skriftleg og munnleg

  • Har erfaring og utdanning frå sal og marknadsføring

  • Har god teknisk innsikt og er ein kompetent brukar av vanlege dataverktøy, både på mobil og desktop.

  • Har erfaring med å kommunisera på sosiale media og andre digitale kommunikasjonskanalar.

  • Har erfaring frå eller interesse for kraftbransjen

Du vil få ansvar for:

  • Sal av kraftomsetning

  • Oppfølging av kundar

  • Rapportering og budsjettering på marknadsarbeidet

Me tilbyr:

  • Ei spennande stilling med gode moglegheiter for utvikling

  • Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø

  • Kontroll på din eigen arbeidsdag

  • Lønn og betingelsar etter avtale

 

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Therese W. Nysæther, tlf. 53 45 76 03

Søknadsfrist: 14. april 2019

 Send søknad med CV til post@fitjar-kraftlag.no

 
Gasta Design