:: Demontering av kraftlinja på Vikøy i Brandasund


Seglbåtar kutta spenn tre gonger
Tre gonger vart straumførande spenn i Fitjarøyane kutta isommaren 2009. Først høgspentlinja mellom Teløy og Smedholmen, så mellom Kalvaneset og Svelto/Smedholmen. Ein fransk seglbåt køyrde inn i høgspentlina ved Kalvaneset og kutta ein tråd. Utruleg nok vart ingen ombord skadde. Men store delar av øyane vart utan straum utover dagen måndag 20. juli 2009.
Knapt eit par veker før,
torsdag 9. juli 2009, kutta ein ekstra høg seglbåt luftspennet mellom Teløy og Smedholmen i Fitjar. Spenninga er også her 22.000 volt. Livsfarleg. To av tre trådar vart kappa. Til alt hell vart ingen personar skadde den gongen heller. Englevakt. Seglbåten berre køyrde vidare utan å melda frå, men vart ikkje lenge etter oppspora og kontakta. Det viste seg å vera ein finsk familie.
Store område i øyane vart også då utan straum. Men kraftlaget sine folk fekk etter halvannan time skøytt spennet og kopla til straumen att. 2011 vart spennet lagt i sjøkabel.
Også spennet på vestsida av Ringholmen i Nyleia måtte denne sommaren skøytast etter at ein seglbåt rende i.
Jamvel fleire gonger tidlegare spenn i øyane vorte pårende av seglbåtar, sjølv om det er godt merka. Posisjonane til luftspenna finn du her.
22. august 2011 vart spennet mellom Smedholmen og Kalvaneset pårend av ein seglbåt på ny. Då valde kraftlagt å leggja den kraftlinja også i sjøkabel, sameleis som tidlegare på sommaren ove Smedholmsundet.
(Foto: Stein Erik Gilje)
Eg ynskjer bestilla
Eg ynskjer vita meir om
Eg ynskjer senda inn
Tlf 53 45 76 00, telefaks 53 45 76 01, feilmelding etter kontortid: 53 45 76 10, epost:
kraftlaget@online.no,
målaravlesing: 800 55 223
Adresse: Fitjar Kraftlag SA, Årskog, 5419 Fitjar.
Elverksjef: Ole Vidar Lunde
Org.nr. 971 028 548 MVA. Bankgiro 6501.06.11037
Bilete, webdesign og nettsidestyrar: Stein Erik Gilje