:: Spenn over farleier i Fitjarøyane
Høg- og lågspentlinene over sund og fjordar

Vi vil at båter som går gjennom dei vakre Fitjarøyane skal ferdast trygt gjennom alle sund og innom alle viker der det heng straumliner. Statkart gav for nokre år sidan ut nye sjøkart for vårt område, der alle høg- og lågspentliner er plotta inn med rett høgd over vatnet. Du finn også den nøyaktige posisjonen til alle luftpenna våre.
Skulle du likevel vere usikker på om båten din går under eit luftspenn har vi eit einaste godt råd: IKKJE PRØV. Finn ei anna lei som er HEILT trygg. Dersom uhellet er ute og du mister manøvreringsevna på båten din slik at han driv mot eit luftspenn, bør du fyrst syta for at ingen er i kontakt med metall, og ring deretter 53 45 76 10 med ein gong, slik at straumen kan koblast ut FØR skaden skjer.

Posisjonane til kraftlinene våre over sjø kan du finna ved å lasta ned ei av desse lenkene:

WGS84 (det aller nyaste kartdatumet) og NGO 1948-posisjonar (for eldre sjøkart) i Excel-format. Du finn dei på kvar sine ark i Excel-dokumentet.

Dei same har me lagt ut i notisblokk-format (rein tekst/tal), WGS84 og NGO1948.

Alle posisjonane er også lagt ut som ei .wpt fil. Denne kan lesast med til dømes Oziexplorer som ein finn på denne linken: http://www.oziexplorer.com/ Det programet gjer det mogleg å overføra posisjonen frå ein pc til dei fleste moderne GPS-ar.


Livsfarleg kraftline i Teløysundet

Eg ynskjer bestilla

Eg ynskjer vita meir om

Eg ynskjer senda inn
Tlf 53 45 76 00, telefaks 53 45 76 01, feilmelding etter kontortid: 53 45 76 10, epost: kraftlaget@online.no, målaravlesing: 800 55 223
Adresse: Fitjar Kraftlag SA, Årskog, 5419 Fitjar. Elverksjef: Ole Vidar Lunde Org.nr. 971 028 548 MVA. Bankgiro 6501.06.11037
Bilete, webdesign og nettsidestyrar: Stein Erik Gilje