Når du betalar for straum, betalar du eigentleg for to forskjellige ting, ein vare og ei teneste. Den eine, varen, er sjølve energien som du forbruker til lys og varme i huset ditt. Den elektriske energien kan du fritt kjøpa hos Fitjar kraftlag eller andre.

Den andre, tenesta, som du betalar for, er leige for å bruka det faste, utbygde leidningsnettet med kablar og eller luftspenn fram til huset ditt. Denne nettleiga vert betalt som ein fast sum per år, pluss ein sum som varierer med forbruket ditt.

Dei som er knytta til leidningsnettet som Fitjar kraftlag er ansvarleg for, betalar nettleiga til Fitjar kraftlag.

Bur du andre stader i landet, men kjøper energi gjennom Fitjar kraftlag, skal du framleis betala nettleiga til kraftlaget på heimstaden din.

Lukk vindauge

Logo Fitjar Kraftlag

Eg ynskjer bestilla

Eg ynskjer vita meir om

Geitrams
Nettprisar 1. januar 2008

Tariffendringar frå 2007 til 2008:
Inntektsramma som vert fastsett av NVE viser ein reduksjon på nettleiga med 0,25 øre pr kWh i 2008.
Utjamningstilskotet frå NVE er rekna til 1,1 øre mot 1,5 øre i 2007, og elavgifta er auka frå 10,23 øre  til 10,50 øre pr. kWh.
Avgifta til ENOVA på 1 øre er uendra.
Fastleddet har ei mindre auke (kr.5,-) og MVA-satsen er den same som i 2007.

TARIFF
PRISFORDELING
NETTLEIGE
Nettopris
RABATT:
Utjamningstilskot NVE
AVGIFTER
Forbruksavgift
AVGIFTER
Enovaavgift
AVGIFTER
25 % mva
NETTLEIGE
bruttopris
H4

Gjeld for hushald og mindre næringsverksemd (inntil 3x125A hovudsikring)

Fastbeløp (årleg)
kr 2 000,00
 
  
 
kr 500,00
kr 2 500,00
Energiledd
26,60 øre
-1,1 øre
10,5 øre
1 øre
9,26 øre
46,29 øre
H5

Gjeld for hytter og liknande.

Fastbeløp:
kr 3 000,00
 
kr 750,00
kr 3.750,00
Energiledd
26,60 øre
-1,1 øre
10,5øre
1 øre
9,26 øre
46,29 øre
H6

Gjeld for naust, garasje og hybel med inntil 16A pluss ordinært hushaldsabonnement.

Fastbeløp:
kr 550,00
 
kr 137,50
687,50 kr
Energiledd
26,60 øre
-1,1 øre
10,5 øre
1 øre
9,26 øre
46,29 øre
T3

Gjeld for større næringsverksemd

Fastbeløp:
kr 2 000,00
Energipris eks.avg.:
17,60 øre
Effektpris under 150 kW:
465 kr/kW
Effektpris over 150 kW:
435 kr/kW
Årsaka til at nettleiga i 2008 er høgare enn i slutten av 2007 er at det i 2. halvår vart gjeve ein rabatt på nettleiga. Rabatten vart bestemt av årsmøtet i 2007 og var ein disponering av overskotet frå 2006.

Nettleigerabatt og inntektsrammer (september 2008)
Årsmøtet i Fitjar Kraftlag vedtok på sitt årsmøte 03.04.2008 å disponere årsresultatet for 2007 slik at kr 2.000.000 vart nytta til nedsetting av nettleiga i 2008.
Like før årsmøtet fekk kraftlaget brev frå NVE om at dei hadde rekna for låg inntektsramme for Fitjar Kraftlag i dei føregåande 5 åra med til saman ca 10 mill.
Styret informerte årsmøtet om dette og sa at dei ville greie ut saka og gjere vedtak om korleis dei ville handsame dette.
Styret har seinare vedteke at dei vil søke å ta inn denne for lågt sette inntektsramma over 5 år med ca 2,0 mill. kroner i året.
For 2008 medfører dette at rabatten vedteken av årsmøtet, og auken i innetktsramma er like store, og at nettleiga som følje av dette vert uendra i 2. halvår samanlikna med l. halvår.
I 2009 kan nettleiga verta redusert med 4,6 øre/kWh (utan mva) som følgje av løyvingar i Statsbudsjettet.

Nettleiga vart sist endra 1. juni 2007, 1. april 2007, januar 2007, 2006, 4. juli 2005, og før det: 4. april 2005.
Tlf 53 45 76 00, telefaks 53 45 76 01, feilmelding etter kontortid: 53 45 76 10, epost: kraftlaget@online.no, målaravlesing: 800 55 223
Adresse: Fitjar Kraftlag SA, Årskog, 5419 Fitjar. Elverksjef: Ole Vidar Lunde Org.nr. 971 028 548 MVA. Bankgiro 6501.06.11037
Bilete, webdesign og nettsidestyrar: Stein Erik Gilje