Årsrapport 2009
Fitjar Kraftlag SA er eit ålmennyttig
partlag med skiftande parteigartal og
kapital.
Føremålet til selskapet er å eiga,
byggja og driva energiforsyning i
heile konsesjonsområdet - herunder
produksjon og omsetting av energi.
Kraftlaget kan selja kraft til kundar
utanfor konsesjonsområdet.
Vidare kan Kraftlaget driva, eiga eller
samarbeida med andre verksemder
med naturleg tilknyting til føremålet.
Kraftlaget skal vera ei konkurransedyktig
og lønsam verksemd.
Kraftlaget kan delta i utvikling og
ivaretaking av felles samfunnstiltak i
konsesjonsområdet, samt gi gåver til
ålmennyttige føremål.
Overskotet skal primært nyttast
til vidareutvikling av Kraftlaget i
samsvar med føremålet, dernest til
ålmennyttige tiltak som kan koma
partseigarane, og lokalsamfunnet der
Kraftlaget har nett, til gode.
Fitjar Kraftlag SA sitt forretningskontor
er i Fitjar kommune.
2009 - 74. Driftsår
I 2009 vart det sett 2 nye rekordar:
- Rekordforbruk på 5,3 GWh i ein
enkeltmånad (desember).
- Effektforbruk 17. desember
på 9,6 MW.
3 gonger vart fjordspenn kutta
av seglbåtar – til all lukke utan
personskader.
2009 – Drifta
Ålment
Innafor kjerneverksemda til Kraftlaget,
nettdrift, har fornyinga halde fram
med å grave ned luftliner, utskifting,
og med å betra tryggleiken i nettet.
Det er i 2009 ikkje sett i drift heilt
nye anlegg, men det er gjennomført
omfattande utskifting av eksisterande
anlegg.
Produksjonen har vore lågare enn
middels, og kraftomsetjinga har vore
stabil. Breibandutbygginga har fortsett
parallelt med nettfornying, og måla
som var sett vart nådd.
Nettdrifta har vore svært stabil med
få uønska utkoplingar som skuldast
direkte nettfeil.
Drifta av breibandsnettet har vore
svært stabil.
Det har i 2009 ikkje vore større
driftsavbrot i breibandsnettet.
Kraftlaget har også i 2009 utført
arbeid i samband med planlegging og
førebuing av Midtfjellet Vindkraftverk.

Tlf 53 45 76 00, telefaks 53 45 76 01, feilmelding etter kontortid: 53 45 76 10, epost:
kraftlaget@online.no,
målaravlesing: 800 55 223
Adresse: Fitjar Kraftlag SA, Årskog, 5419 Fitjar.
Elverksjef: Ole Vidar Lunde
Org.nr. 971 028 548 MVA. Bankgiro 6501.06.11037