Fitjar Kraftlag Nett

På desse sidene finn du informasjon om prisar på nettleige og det som vert kalla ventetariff, mellom anna. Her kan du som er knytta til elnettet i Fitjar Kraftlag sitt område, også tasta inn avlesinga frå straummålaren din, same kor du kjøper straum frå.

Det finst også ei lenke til venstre på sida som viser kven du kan kjøpa straum frå. Lista over kraftleverandørar skal vera oppdatert, men der har kraftleverandørane sjølv eit ansvar for at informasjonen er oppdatert. Er du i tvil, kan du gå inn på sidene til Konkurransetilsynet, som skal ha den aller mest oppdaterte lista over kraftleverandørar og gjeldande prisar.

Internettsidene som du er inne på no, femner berre det som har med Fitjar Kraftlag Nett sin aktivitet å gjera. Den gjeld då alle som fysisk er knytta til leidningsnettet vårt og får straum gjennom det.

SMS-varsling
Me skal ta i bruk SMS-varsling for målaravlesing. Ynskjer du å nytta deg av dette, registrerer du mobilnummeret ditt på kundesida di, under kundeprofil. Der ser du vala for "Avtalar om varsling".

El-sertifikat vert innført
frå 1. januar 2012


Stortinget har bestemt at det frå 1. januar 2012 skal innførast el-sertifikatplikt for straumkundar i Noreg. Sertifikata skal finansiera utbygging av ny fornybar energi i Noreg.
Straumleverandørane skal administrera ordninga for kundane sine. Som følgje av sertifikatplikta vert alle kilowattimar i 2012 ca 0,75 øre dyrare enn dei ville vore utan el-sertifikat.
Dersom noko anna ikkje er opplyst, vert alle straumprisar annonser og fakturert i 2012 inklusive sertifikatkostnader.

Tlf 53 45 76 00, telefaks 53 45 76 01, feilmelding etter kontortid: 53 45 76 10, epost: kraftlaget@online.no, målaravlesing: 800 55 223
Adresse: Fitjar Kraftlag SA, Årskog, 5419 Fitjar. Elverksjef: Ole Vidar Lunde Org.nr. 971 028 548 MVA. Bankgiro 6501.06.11037

Snarvegar:

Framside

Målaravlesing

Pris nettleige

Ventetariff

Kraftavtale

Kraftleverandørar

Om Fitjar Kraftlag