Støtte til ålmennyttige tiltak

 

Fitjar Kraftlag gjev støtte til ålmennyttige føremål i Kraftlaget sitt forsyningsområde, ved overskot i selskapet.

Hittil har det vore prioritert tiltak som primært kjem born og ungdom til gode, men alle

ålmennyttige tiltak vil verta vurderte. Midlane vert gjeve til lag, foreiningar, organisasjonar eller 

enkeltpersonar, og tiltak til nytte for bygda.

 

Søknadsfrist for årets tildeling vert sett til 15. mars 2017.

Dei som alt har søkt Kraftlaget om sponsor-/stønadsmidlar treng ikkje søkja på nytt, då søknaden er registrert

og vert teke omsyn til.

Søknad kan sendast til: Fitjar Kraftlag SA, Sandvikvågsvegen 45, 5419  FITJAR eller på epost: may-lin@fitjar-kraftlag.no

 

 

Støtte til ålmennyttige føremål 2015

Framme frå venstre: Anne Renate Berntzen (10. klasse ved Rimbareid skule), Anders Halleråker Strand og
Mari Koløen Lønning (Fitjar Racing Team).

I midten: Sukhwinder Koløen (Fitjar Shotokan Karateklubb), Ole Bergesen (Fitjar Idrettslag og Fitjar Frivilligsentral),
Kari Kongestøl Prestbø (Fitjar skulekorps), Gunn Kari Auestad (Laurdagstreff i Dåfjorden).

Bak frå venstre: Ronald Hareide (Stord/Fitjar lokallag NFU), Håvard Singelstad (elverksjef), Ove Raunholm (Fitjar Eldreråd),
Rannveig F. Ottestad (styreleiar i Fitjar Kraftlag).

Representantar frå Fitjar Bu- og behandlingssenter og Stord/Fitjar Demensforening var ikkje til stades.