::Årsrapport 2009 revisormelding
Fitjar Kraftlag SA er eit ålmennyttig
partlag med skiftande parteigartal og
kapital.
Føremålet til selskapet er å eiga, byggja
og driva energiforsyning i heile konsesjonsområdet
- herunder produksjon
og omsetting av energi. Kraftlaget kan
selja kraft til kundar utanfor konsesjonsområdet.
Vidare kan Kraftlaget driva, eiga eller
samarbeida med andre verksemder
med naturleg tilknyting til føremålet.
Kraftlaget skal vera ei konkurransedyktig
og lønsam verksemd.
Kraftlaget kan delta i utvikling og
ivaretaking av felles samfunnstiltak i
konsesjonsområdet, samt gi gåver til
ålmennyttige føremål.
Overskotet skal primært nyttast til
vidareutvikling av Kraftlaget i samsvar
med føremålet, dernest til ålmennyttige
tiltak som kan koma partseigarane,
og lokalsamfunnet der Kraftlaget
har nett til gode.
Fitjar Kraftlag SA sitt forretningskontor
er i Fitjar Kommune.

2010
Året då Fitjar Kraftlag SA feira sitt
75 – årsjubileum, straumforbruket var
høgare enn nokon gong, og meir enn
8 av 10 husstandar hadde installert
fiberbreiband.



Bygging av kraftverk og
infrastruktur i Fitjar

Ideen om å byggja ut straum til Fitjar
vart første gong teken opp i Fitjar
Kommunestyre i 1914.
Motstanden var stor og forslaget
nedstemt. Etter fleire fånyttes forsøk
på å dra i gang kraftutbygging både
lokalt og i samarbeid med andre, vart
Fitjar Kraftlag stifta 10. april 1935.

På stiftingsmøtet møtte 49 menn, som
skreiv under protokollen om å stifta
Fitjar Kraftlag med føremål å byggja
Årskog Kraftstasjon og overføringsliner
for den straumen som vart produsert.
Hausten 1937 stod kraftverket på 240
KW ferdig. Kostnaden var kr.157.000
som var 34% over budsjettet.
I åra som følgde vart det bygd ut
straum til alle bygdelaga i Fitjar.
I 1939 kosta straumen 130 kroner
for 1000 W, noko som tilsvarte at ein
med gjennomsnittsløn måtte arbeide
400 timer for å betale straumen.
Først i 1959 var utbygginga i hele
kommunen fullført, og knappe to tiår
seinare (1973) hadde Kraftlaget 1000
abonnentar.
Femtiårsjubileet vart feira med
at Kraftlaget tok sitt nye bygg i Årskog i bruk.
Omlag samstundes kom det ny
66 kV linje mellom Årskog og Litlabø,
noko som medførte ei stor forbetring i
forsyninga til Fitjar.
I 1990 var kraftverket heilt nedslite,
og NVE krov det totalrenovert eller
fjerna. Det vart vedteke å renovere, og i
1996 stod et heilt nytt Årskog kraftverk
ferdig med ei yting på 800 kW.
Fem år seinare og 90 år etter at dei
første planane for utbygging av
Fitjarelva vart lansert, vart Rimbareid
minikraftverk sett i drift.
Ein livskraftig 75-åring

Årsrapport -10 75 åring
Årsrapport -10 vindmåling
Styret i jubileumsåret
Styret si årsm. -10 aktivitet, el-nett, tariff
Styret si årsm. -10 kraftomsetning
Styret si årsm. -10 breiband, kraftprod
Styret si årsm. -10 framtidsutsikter
Styret si årsm. -10 info, kjøpsutbyte
Styret si årsm. -10 resultatrekneskap
Styret si årsm. -10 balanse
Styret si årsm. -10 kontantstraum
Styret si årsm. -10 nøkkeltal
Styret si årsm. -10 note1
Styret si årsm. -10 note 2
Styret si årsm. -10 note 3
Styret si årsm. -10 note 4, 5
Styret si årsm. -10 note 6-9
Styret si årsm. -10 note 10, 11
Styret si årsm. -10 note 12
Styret si årsm. -10 note 13-15
Styret si årsm. -10 note 16, 17
Styret si årsm. -10 samf.rekneskap
Styret si årsm. -10 revisjon
Heile årsrapporten

Eg ynskjer bestilla

Eg ynskjer vita meir om

Eg ynskjer senda inn
Tlf 53 45 76 00, telefaks 53 45 76 01, feilmelding etter kontortid: 53 45 76 10, epost: kraftlaget@online.no, målaravlesing: 800 55 223
Adresse: Fitjar Kraftlag SA, Årskog, 5419 Fitjar. Elverksjef: Ole Vidar Lunde Org.nr. 971 028 548 MVA. Bankgiro 6501.06.11037
Bilete, webdesign og nettsidestyrar: Stein Erik Gilje